3. februar 2017

Arbeidsmarkedet i Rogaland januar 2017

av Jannicke Kvarven

Vi har mottatt ferske takk fra NAV Rogaland: Ledigheten er fortsatt høyest i Haugesund (+86 personer til 4,8%), men den største prosentvise økningen var i Vindafjord ( + 39 personer til 4%), på Karmøy (+ 132 personer til 4,3%) og i Tysvær (+ 36 personer til 2,5%). Bokn (+2 person til 2,7%), Sauda (+3 personer til 2,7%) og Suldal (+7 personer til 1,1%) har alle bare små endringer.

De fleste kommunene våre har nå likevel lavere ledighet enn i januar i fjor.

Bruttoledighet: For fylket som helhet så er bruttoledigheten (Summen av helt ledige + de på tiltak) nå på 5,7%.  Haugesund – 5,5%, Karmøy – 5,1%, Vindafjord – 4,3%, Sauda – 4,3%, Tysvær – 3,6%, Suldal – 1,5%.

Det vil si at alle våre kommuner nå ligger lavere enn fylkesgjennomsnittet. Noe som heller ikke er vanlig for vår region.

Stillinger:

Vi har også januar økt tilgang på utlyste stillinger, og økningen for Nord-Rogaland er på rundt 18%. Det vi har merket en kraftig økning på er bedrifter som melder sitt rekrutteringsbehov til NAV. Her har vi i NAV Marked Nord-Rogaland nå rekord for vår del. Dette tyder på at bedriftene i vårt distrikt har forstått at det er mye god arbeidskraft å få tak i via NAV, så dette syns vi er svært gledelig.  Det er også mange kommuner og større bedrifter som nå i disse dager lyser ut sine sommerjobber, så det gjør også at stillingstilgangen er bra på denne tiden av året. Så viktig å være obs på dette for de som vil være med i kampen om disse jobbene.

Fra pressemeldingen til NAV Rogaland:

Arbeidsløysa er som forventa høg i starten av året for Rogaland

Justert for sesongvariasjonar* held bruttoarbeidsløysa** i Rogaland seg høg og stabil. Summen av personar heilt utan arbeid og personar på arbeidsretta tiltak via NAV visar at om lag 15 000 rogalendingar står utan jobb i januar. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse på 5,7 prosent. Arbeidsløysa i Rogaland vil truleg halde seg høg i ei tid framover.

– Sjølv om arbeidsløysa er høg, ser vi teikn til noko betring. Talet varslar om permitteringar og oppseiingar er langt lågare i januar enn dei siste månadane før årsskiftet. Samstundes ser vi at talet på ledige stillingar i januar er langt høgare enn for eitt år sidan. Men sjølv om talet ledige stillingar aukar er det per i dag ikkje nok jobbar til alle dei som treng jobb i Rogaland. Derfor vil det vere viktig for kvar enkelt å halde alle moglegheiter for arbeid opne, seier direktør i NAV, Truls Nordahl.

Tala i pressemeldinga er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.

Arbeidsløysa i Rogaland januar 2015 til januar 2017:

nav-jan-17

Ved utgangen av januar er delen heilt arbeidslause i Rogaland 4,9 prosent av arbeidsstyrka. Det vil seie at 12 779 personar er heilt utan arbeid i Rogaland, 8 599 av desse er menn medan 4 180 er kvinner. Det er 1 prosent fleire som er heilt arbeidslause denne månaden enn i januar i fjor. Delen heilt arbeidslause i Noreg er 3,2 prosent.

Eigersund og Sola har størst arbeidsløyse i Rogaland. Delen heilt arbeidslause er i begge kommunane 6,0 prosent av arbeidsstyrka. Tek ein med personar i arbeidsretta tiltak er bruttoarbeidsløysa 6,9 prosent i Eigersund og 6,8 prosent i Sola. I Sandnes er det 5,7 prosent heilt arbeidslause og med personar i arbeidsretta tiltak er bruttoarbeidsløysa 6,6 prosent. Stavanger kommune har ei bruttoarbeidsløyse på 6,4 prosent.

Arbeidsmarknadstala for Nord-Rogaland visar teikn til betring ved at dei fleste kommunane har nedgang i delen heilt arbeidslause samanlikna med same periode i fjor.

Ledige stillingar i januar

Det vart lyst ut 2 827 ledige stillingar i januar i Rogaland. Samanlikna med same månad i fjor er dette ei auke på 24 prosent. Yrkesgruppene med flest ledige stillingar denne månaden er helse, pleie og omsorg (853 stillingar), bygg og anlegg (426 stillingar) industriarbeid (291 stillingar) og undervisning (231 stillingar).

Arbeidsmarknaden i Rogaland, siste tre månadar:

Nøkkeltal November Desember Januar
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 11 705 (4,5 %) 11 617 (4,5 %) 12 779 (4,9%)
Arbeidsretta tiltak   2 215 (0,8 %)   2 355 (0,9 %)   2 208 (0,8%)
Bruttoarbeidsløyse** 13 920 (5,3 %) 13 972 (5,4 %) 14 987 (5,7%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år   3014   2 987   3 336
Langtids-arbeidssøkjarar (26 veker eller meir)   5 997   5 917   6 358
Delvis ledige   4 523 (1,7 %   4 617 (1,8%)   4 491 (1,7%)
Utlyste stillingar   1 651      738   2 827

 

 

For fleire opplysningar og kommentarar: Direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl, tlf. 992 93 355