2. desember 2016

Arbeidsmarkedet i Rogaland november 2016

av Jannicke Kvarven

Nav Rogaland har kommet med en pressemelding vedrørende oppdaterte tall for arbeidsmarkedet i Rogaland november 2016. Det positive er at man ser en økning i offentlig utlyste stillinger i Nord-fylket. I november 2015 ble det lyst ut 242 stillinger, mens det nå i 2016 ble lyst ut 408 stillinger.  Det er stillinger som arbeidsgiver registrerer selv og utlyser  på NAV.no og som arbeidsgiver melder til NAV som øker mest.  Økningen sees innenfor «Helse, pleie og omsorg», «Bygg og anlegg» og «Industri». Når det gjelder «Ingeniør og IKT-fag» har det gått litt tilbake igjen. Det er likevel en stor mismatch mellom ledige personer og ledige stillinger.

Se pressemeldingen under her:

Arbeidsløysa auka i Rogaland i november

Justert for sesongvariasjonar* auka arbeidsløysa i Rogaland i november. Det gjorde også summen av dei heilt utan arbeid og dei som deltar på arbeidsretta tiltak via NAV.

– Arbeidsløysa aukar og fleire går utan arbeid lenge. På tross av vekst i ledige stillingar den siste tida er ikkje omfanget tilstrekkeleg sett opp mot alle som no ser etter ny jobb. Mange arbeidsplasser har forsvunne i fylket  og me erfarer at fleire søker arbeid utanfor Rogaland, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Tala under er ikkje sesongjustert og endringar som kjem fram er samanlikna med same periode i fjor.

Arbeidsløysa i Rogaland november 2014 til november 2016:

nav-pressemld-021216

Ved utgangen av november var 11 705 heilt utan arbeid i Rogaland, ei auke på 11 prosent samanlikna med same periode i fjor. Arbeidsløysa er no på 4,5 prosent av arbeidsstyrka. I Noreg er arbeidsløysa 2,8 prosent. – Ser me det siste året under eitt har arbeidsløysa flata ut, seier Truls Nordahl.

7 824 av dei heilt utan arbeid er menn medan 3 881 er kvinner. Om lag halvparten har vore utan arbeid i 26 veker eller meir. Arbeidsløysa er høgast blant unge mellom 25 og 29 år i Rogaland (5,9 prosent).

Arbeidsløysa er størst i Sola kommune med 5,5 prosent i november. I Eigersund og Sandnes er arbeidsløysa 5,3 prosent og i Stavanger 5,1 prosent. Tek ein med personar i arbeidsretta tiltak er bruttoarbeidsløysa 6,3 prosent i Sola, 6,4 prosent i Eigersund, 6,2 prosent i Sandnes og 6 prosent i Stavanger.

Det er størst arbeidsløyse innan yrkesgruppene ingeniør- og ikt-fag (2 152), industri (2 140), bygg- og anlegg (1 693) og kontorarbeid (1 087). I yrkesgruppa bygg- og anlegg er sju prosent færre utan arbeid no i november enn på same tid i fjor.

1 651 stillingar lyst ut eller formidla gjennom NAV Det er flest utlyste stillingar innan helse, pleie og omsorg, bygg- og anlegg, reiseliv og transport samt butikk- og salsarbeid. – Eit høgt tal utlyste stillingar i yrkesgruppa bygg- og anlegg signaliserer ei auke i aktivitet i bransjen og indikerer at motkonjunkturtiltak verkar, seier Nordahl.

Sjå vedlagde oversikter for meir informasjon. For fleire opplysningar og kommentarar: Direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl: 992 93 355.

 

Arbeidsmarknaden i Rogaland, siste tre månadar:

Nøkkeltal September Oktober  

November

Heilt utan arbeid 16 – 67 år 11 263 (4,3 %) 11 408 (4,4 %) 11 705 (4,5 %)
Arbeidsretta tiltak 1 981 (0,8 %) 2 152 (0,8 %) 2 215 (0,8 %)
Bruttoarbeidsløyse** 13 244 (5,1 %) 13 560 (5,2 %) 13 920 (5,3 %)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 3 063 3 022 3 014
Langtids-arbeidssøkarar (26 veker eller meir) 5 830 5 956  

5 997

Ledige stillingar 1 422 1 394 1 651