5. september 2016

Ledighetstall for august 2016

av Ingrid Greta Lauvås

Arbeidsløyse på 4,5 prosent i Rogaland

Rogaland har høgast arbeidsløyse i landet. – Arbeidsløysa er høg og mange er i ein krevjande situasjon, men me begynner å se positive bevegelsar som gir grunn til forsiktig optimisme, seier direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl.

Justert for sesongvariasjonar ser me ein liten nedgang i arbeidsløysa i fylket denne månaden, men dette skyldas at fleire er i eit arbeidsretta tiltak via NAV, seier Truls Nordahl.

 Tala under er ikkje sesongjustert, og endringane som kjem fram er samanlikna med same månad i fjor.

Ved utgangen av august var 11 748 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Arbeidsløysa er no 4,5 prosent, mot 3,6 prosent i august i fjor. Noreg har ei arbeidsløyse på 3,1 prosent. Bruttoarbeidsløysa utgjer summen av dei som er heilt utan arbeid og dei som går på eit tiltak. I august er bruttoarbeidsløysa 5,1 prosent.

Heilt arbeidslause

Det er ein auke i talet på personer som har vore utan arbeid i meir enn eit halvt år. Av dei 11748 arbeidslause i Rogaland har 6343 vore heilt utan arbeid i eit halvt år eller lengre.  Arbeidsløysa er høgast blant unge mellom 25 og 29 år.

Det er flest arbeidssøkjarar innan yrkesgruppene ingeniør- og Ikt- fag (2011 personar), industriarbeid (1981 personar), bygg- og anlegg (1675 personar) og innan kontorarbeid (1043 personar).

Framleis høg arbeidsløyse i by-kommunane

Variasjonane i arbeidsløysa blant kommunane i Rogaland er store og det er dei større by-områda i fylket som har høgast arbeidsløyse. Eigersund har høgast arbeidsløyse med 5,7 prosent. Sandnes har 5,3 prosent medan Stavanger, Sola og Haugesund har ei arbeidsløyse på 5,0 prosent av arbeidsstyrka. Karmøy har ei arbeidsløyse på 4,0 prosent.

Fleire stillingar og færre varslar om oppseiingar og permitteringar

I august vart det lyst ut 1 623 stillingar i Rogaland. Dette er ei auke på 46 prosent samanlikna med same periode i fjor. Fordelt på yrkesgrupper var 394 stillingar lyst ut innan yrkesgruppa helse, pleie og omsorg, 282 stillingar innan bygg og anlegg, 227 innan industriarbeid og 148 innan butikk og salsarbeid.

– Me merker ein betydeleg auke i pågangen frå arbeidsgjevarar som ønsker hjelp til å finne kandidatar til ledige stillingar. Samstundes ser me at det kjem inn langt færre varslar frå bedrifter om oppseiingar og permitteringar enn tidlegare i år, seier Nordahl.

Se her for Hovedtall om arbeidsmarknaden i Rogaland

Fleire opplysningar og kommentarar: Direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl, tlf. 992 93 355